Klar for tur!

Ja, no er det knappe 2 døgn før me er på flyet mot første destinasjon, Cuba! Og stresset er nok på topp hjå samtlege av oss i reisefølget. Og for de av dykk som ikkje er heilt sikker på kor turen går, her er kortversjonen av reiseruta:

 

  • CUBA: me startar med 2-vekers-spansk-kurs i Havana
  • MELLOM-AMERIKA: så flyr me til Mexico city, og har 6 veker på å komma oss til San Jose i Costa Rica. På vegen er me innom blant anna Mexico, Guatemala, Honduras, Nicaragua og Costa Rica. I Costa Rica forlet Mari oss på flyplassen for å oppleve Sør-Amerika med eit anna reisefølge.
  • PERU: dei fire gjenverande av oss skal her gå inka trail opp til Machu Picchu. Det blir hardt, men sikkert vel verdt strevet. Etter det har me 8 dagar til å bruke fritt i Peru før neste flygning.
  • ARGENTINA: Bueno Aires er siste felles destinasjon, så denne byen skal me nyte. Irene blir her ei veka før ho returnerer til heimlandet, Emilie blir verande i godt over ein månad, og Inger Helene og Siri tar eit kontinentskifte og stikk til Australia. 

Er det rart me har sommarfuglar i magen?

Litt augesnop medan me pakkar i sekkane våre (bileta er frå stock.xchng).



105884273725790

98243085108920

 

46464985182317

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Five med-chicks on tour

Five med-chicks on tour

100, Bergen

Fem elleville jenter fortel om sine opplevingar frå kontinentet der pepperen gror.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits