Eit forsinka innlegg

Tida hadde til slutt komme for aa ta farvell med vaare australske
venner, og reise inn i landet til Oaxaca. Me mistenkte at bussen me
skulle ta i 7 timar til 45 kroner, kanskje ikkje hadde
stress-less-standard, men vart likevel maallause av vraket som rulla
innpaa busstasjonen. Positive ting:
-Ingen do betyr ingen dolukt
-Rompemassasje inkludert i prisen
-Merkeleg nok god plass paa bussen. Setene bleiholdt oppe i ulike
vinklar av tau og teip, men me kunne byte plass etter kor tilbakelent
me ynskja aa sitte.
-Me fekk seter! I motsetning til sjaafoeren...
-Vindauget paa bussen var ikkje knust i synsfeltet til sjaafoeren.
-Me kunne lett roemme da doera ikkje ville lukkast under heile turen..
-Kven treng aircondition naar ein kan faa friskt regnvatn rett inn :)

Var faktisk ein flott tur.
Foerste tida i Oaxaca brukte me tida paa aa sjaa ruinane til
Zapotekarane langt oppe paa fjellet. Der valde me aa dramatisere dei
historiske faktaplakatane me fann, for saa aa ta bilete av det, for aa
laere det betre. Blei tilslutt ein fantastisk biletserie som lett
kunne gjort seg i laerebokformat.

Her vart det ein del byvandring og avslapping, og me proevde ut eit
Yoga-kurs. Der me fann takane vaare, kroppen vaar og da samtidig
sjelen vaar. Me gloeymte fortida, og hugsa at framtida... er enda
ikkje her! Blei litt fulle i flir paa nokre tidspunkt, men det gav
meirsmak til aa proeve ut andre kurs.

Deretter blei det nattbuss til San Cristobal. Og det va ein effektiv
bussjaafoer.. Etter ein god time gaar Inger Helene resolutt framtil
sjaafoeren og uttrykker paa innlaert spansk ¨Kan du koeyre saktare
fordi eg er redd¨. -Bussjafoeren gryntar og traaker inn gassen. Det
blei mykje betre etterkvart likevel, og me kom heilskinna fram.

San Cristobal ligg inne mellom mange Maya-landsbyar, og me tok oss ein
tur opp til den stoerste av dei, Chamula, same dag som det var
markndsdag,og fekk starta med shoppinga. Her var den raraste kyrkja me
nokon sinne har sett.
Dei har blanda gamle mayaritual med katolisme innfoert av spanjolane..
Golvet var dekka av toerka furunaaler og stearinlys.. me tenkte litt
paa brannfaren..
I tillegg var det store dukker av helgenar rundt heile bygget, svaere
gadine til pynt og eittjukt lag av roeykelse dekka kyrkja. Det raraste
var likevel all brusen som sto der. Dette skulle dei drikke for aa
rape ut onde aandar paa hellige stadar. Foer brukte dei maisdrikk, men
brus viste seg aa vere meir effektivt.

Ellers var mepaa baattur paa ein Canyon. Saag alle mogelege fuglar,
frodige fjell, 12 krokkodillar, ei raatten ku i vatnet forsoekt oppete
av fuglar og i vaart photoshoppa mentale bilete saag me ogsaa massevis
av smaa apekattar...

Alle utenom Emilie tok ogsaa ein dagstur til Palenque- Enorme
mayaruinar midt inn i jungelen. Omringa av skikkele
King-kong-landskap. Va ein greve som hadde okkupert ein av pyramidane
og busett seg i toppen i nokre aar paa 1800talet. Ikkje heilt
uforstaaeleg,for det var eit fantastisk syn, men 10 tima buss paa ein
dag er mykje. Paa vegen stoppa me paa to ulike fossefall, men det vart
fortsatt ein veeeldig lang busstur.

I San Cristobal fortsatte ogsaa utproevinga av kurs. Det vart
salsakurs ein kveld. Vart etter ein liten intro paa linje satt saman
med ein noko interesant kombinasjon av lokale mekiskanske guttar. Vart
mykje latter der dei proevde og foere oss,og me vikla oss inn i
uforstaaelege armposisjonar. Melaerte likevellitt,og hadde det
ustyrteleg moro. Saa vaar det tid for Magedansekurs. Her var elevane
utanom oss ein gjeng hippiedamer og ei eldre finne-seg-sjoelv-dame.
Det var bevegelsar me aldri foer ha gjort, og det e noko tvilsomt om
me hadde hatt evna til aa forfoere soveldig mange med vaare noko
klumsete dansing, men Irene gleid godt inn.

Til slutt maatte me likevel sette nasen mot Guatemala foer me shoppa
oss ut av alle budsjett! Emilie har alleire maattee sende heim sin
foerste pakke med ting, og me har alle faat tyngre sekkar av sjal,
vesker, luer, tepper, smykker, oeyredobbar, kaffe ++++

Dette blei enda ein laaang busstur der grensa likna eir eit stort
marked med uendeleg mykje stygge klede... KOm oss til slutt heilskinna
fram til den fantastiske byen Antigua. No e me klare for aa slappe av
her saa lenge som det skal trengast.

p9240189
Jalla-trallen me tok til oaxaca

img0381
Me vart som vaskekte zapotekarar paa Monte Alban

p9250222
Me gjorde vaare eigne tolkningar av zapotec-historien, her er me paa astronomistaden deira

img0434
3 stk krokodiller

k20d4494
Kyrkja i Chamula - mayalandsbyen utanfor San Cristobal


cimg1740
Fantastiske ruinar i Palenque





Én kommentar

ingrid

14.okt.2009 kl.20:24

nok ein anledning til å fremme nynorsk :) jalla-tralla kleng langt betre enn jalla- trallen....

e elles ikkje bitter å misunnele på nokon måte :) ser ut som de ha da topp, kjøpe lett læreboka om zapotekarane!

Skriv en ny kommentar

Five med-chicks on tour

Five med-chicks on tour

100, Bergen

Fem elleville jenter fortel om sine opplevingar frå kontinentet der pepperen gror.

bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits